tirsdag 17. mars 2015

Videoar og regobs.

Ein del spør om dei kan levere videoar til observasjonane sine. Og det hadde sikkert vore fint. Per dags dato er ikkje regobs klart for å ta i mot videoar, og det kjem heller ikkje regobs til å bli i overskuelig framtid. Men me vil at regobs skal vere samleplassen for all informasjon om snødekket. 

Den beste måten å dele ein video med varslingsgruppa og publikum vert då å publisere videoen akkurat der de vil (vimeo, youtube, facebook, instagram etc. pass på offentligheitsinnstillingane slik at alle kan sjå videoane.) og så legg de ei lenke til videoen i fritekstfeltet. Der skriv de også stikkord i tekstfeltet om kva videoen innheld (Vær, snøprofil, snøskred, ECT osv.). Birgit Katrine Rustad er også interessert viss de klarar å få til nokon blinkskot som ho kan bruke på skredskolen. Hugs å bruke "legg til weblenke" i fritekstfeltet, då får me ei klikkbar lenke til videoane dykkar.


Sjå td. fritekstfelt i denne registreringa for å sjå korleis det kan gjerast.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar