søndag 26. april 2015

Kva skal ein sjå etter når snødekket er vått?

Når det byrjar å gå mot vår, og snødekket endrar seg frå Turt til vått er ikkje sikkert det er så store endringar i snødekket frå dag til dag. Her kjem eit par tips for kva ein bør ha fokus på i observasjonane når snødekket vert vått.

Våt snø

Våt snø er gjev ikkje dei same svara som turr snø når du gjer stabilitetstestar osv. Det som er viktig å følgje med på og gje beskjed om er:
·         Når vert snødekket vått ned til vedvarande svake lag?
·         Når vert det gjennomvått
·         Og opptil kva høgde over havet gjeld desse observasjonane. Sjå td. Kommentararne til Aadne under skredproblem i denne observasjonen: http://www.regobs.no/Registration/60871

Snødekket

Er nokon fjellsider tomme for snø? td. Bratt sydvendt opp til 800 moh er no bart, (Det er kjekt viss me kan unngå å varsle skredproblem på barmark J )
Det er fint med fullstendige skredfarevurderingar og snødekkevurderingar i kvar obs. Viss det ikkje er endringar i snødekket frå førre obs kan du berre klippe og lime frå den. At du sender inn det same ei gong til er berre flott, då får me ei stadfesting på at dei vurderingane framleis gjeld.
Og når me får nysnø oppå den våte snøen er det sjølvsagt tilbake til start og tørrsnø problem. Då der det, i tilegg til alle skredproblem i forbindelse med turrsnø viktig å følgje med på når nysnøen vert  smelteomvandla og me igjen får eit homeogent snødekke.

Glideskred


I delar av landet har det vore ein del fokus på glideskred i vår (dvs våte flakskred som løsnar på bakken) Det er vanskeleg å forutsjå når desse løsnar, men oppsprekking og utviding av sprekkar i snødekket kan gje ein indikasjon. Desse skredene kjem på dei same stadane kvart år. Har du slike fjellsider som du jamnleg er forbi kan du ta bilete av dei, og legge ut «i går» og «i dag» bilete i same observasjonen for å syne utvikling når det skjer noko. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar