Når det byrjar å gå mot vår, og snødekket endrar seg frå Turt til vått er ikkje sikkert det er så store endringar i snødekket frå dag til dag. Her
kjem eit par tips for kva ein bør ha fokus på i observasjonane når snødekket vert vått.
Våt snø
Våt snø er
gjev ikkje dei same svara som turr snø når du gjer stabilitetstestar osv. Det
som er viktig å følgje med på og gje beskjed om er:
· Når vert snødekket
vått ned til vedvarande svake lag?
· Når vert det
gjennomvått
Snødekket
Er nokon
fjellsider tomme for snø? td. Bratt sydvendt opp til 800 moh er no bart, (Det
er kjekt viss me kan unngå å varsle skredproblem på barmark J )
Det er
fint med fullstendige skredfarevurderingar og snødekkevurderingar i kvar obs.
Viss det ikkje er endringar i snødekket frå førre obs kan du berre klippe og
lime frå den. At du sender inn det same ei gong til er berre flott, då får me
ei stadfesting på at dei vurderingane framleis gjeld.
Og når me
får nysnø oppå den våte snøen er det sjølvsagt tilbake til start og tørrsnø
problem. Då der det, i tilegg til alle skredproblem i forbindelse med turrsnø
viktig å følgje med på når nysnøen vert smelteomvandla og me igjen får
eit homeogent snødekke.
Glideskred
I delar av
landet har det vore ein del fokus på glideskred i vår (dvs våte flakskred som
løsnar på bakken) Det er vanskeleg å forutsjå når desse løsnar, men
oppsprekking og utviding av sprekkar i snødekket kan gje ein indikasjon. Desse
skredene kjem på dei same stadane kvart år. Har du slike fjellsider som du
jamnleg er forbi kan du ta bilete av dei, og legge ut «i går» og «i dag» bilete
i same observasjonen for å syne utvikling når det skjer noko.